Velkommen til karimors kvardag

"Vi treng samvær med andre,

men vi treng også einsemd,

akkurat som vi treng

sommar og vinter,

dag og natt,

arbeid og kvile."


Eg heiter Kari, og bur på Sunnmøre,
på bloggen min vil eg dele mine opplevingar, interesser og mine meiningar
om stort og smått.
Med andre ord kvardagen min.



fredag 6. januar 2012

Nytt år - Nye muligheter........

Ei stund sidan eg har skrive noko no.  Jula kjem - og jula fær, men eg har hatt ei flott feiring. Julaftan var vi her åleine, eg og far i huset, ei ny oppleving for oss, men det var eigentleg godt. Vi kosa oss med god mat, utdeling av gåver og avslapping i sofakroken. Men det vart ingen gang rundt juletreet, så det sakna eg litt, "tradisjonsbundne meg".
1.juledag stod vi tidleg opp, pakka bilen og la vegen til hytta vi har leigd på Gålå, vi måtte reise om Dombås då Strynefjellet var stengt, fann då ut at det vart berre ca. 1 time lengre reisetid. Vi fekk nokre fantastisk flotte dager på hytta, fint ver og vi slapp unna Dagmar som herja her heime. Ut på tur kvar dag, lange, gode skiturar både for tobeinte og firbeinte.  Så peiskos, levande lys, god mat og drikke om kvelden. Kvalitetstid for slitne kroppar.Får håpe vi kan få mange slike dager utover vinteren.
Nyttår feira vi som seg hør og bør, mykje smell og lys over himmelen, og med gode ynskjer for det nye året.

Dei fyrste 6 dagane av det nye året er no unnagjordt, har vore litt skiftande ver, og det merkar eg godt på ledda mine, lite søvn og mykje smerter. MEN: eg kjenner no at eg lever..... og det er eg utruleg glad for. Eg nyt livet, dagane og alt som lever/eksisterer rundt meg.

1 kommentar:

  1. Hei Tante !!
    Godt nyttår til dokke også !!
    Håper dokke har det bra og at energien din kjem tilbake !!

    Klem Camilla

    SvarSlett