Velkommen til karimors kvardag

"Vi treng samvær med andre,

men vi treng også einsemd,

akkurat som vi treng

sommar og vinter,

dag og natt,

arbeid og kvile."


Eg heiter Kari, og bur på Sunnmøre,
på bloggen min vil eg dele mine opplevingar, interesser og mine meiningar
om stort og smått.
Med andre ord kvardagen min.



fredag 13. januar 2012


Det er stilt og roleg rundt meg, mørkt og kaldt ute, varmt og godt inne. Eigentleg skulle eg vel ha vore under dyna no, men musklar og ledd finn ikkje kvile, Kjennest ut som tannverk i heile kroppen, er vel det skiftande veret vi har som ikkje let meg få fred. Men, men eg skal ikkje klage, trøystar meg med at det kunne ha vore verre.Ellers har eg det no ganske kosleg her eg sit, med tende stearinlys, god kaffi og strikkety. Har vorte litt handarbeid dei siste nettene, utruleg kva ein kan få til med litt tråd, strikkepinnar, heklenål og ei vaskemaskin. Ja, då vert det både sitteunderlag, tøfler, vottar, skjerf og nye gryteklutar. Kjekt å kunne lage ting sjølv. I dag har eg også fått prøve takka som eg fekk til jul, laga sveler, det neste må bli at eg prøver meg på flatbrød og lefser.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar