Velkommen til karimors kvardag

"Vi treng samvær med andre,

men vi treng også einsemd,

akkurat som vi treng

sommar og vinter,

dag og natt,

arbeid og kvile."


Eg heiter Kari, og bur på Sunnmøre,
på bloggen min vil eg dele mine opplevingar, interesser og mine meiningar
om stort og smått.
Med andre ord kvardagen min.



torsdag 20. desember 2012

Året 2012

Har Det har vore liten aktivitet på>vloggen siste året. MMen vi har hatt atter eit aktivt , godt år trass alle smerter og tabletter. Vinterhalvåret hadde vi mange flotte turar til Gålå der vi boltrs oss i skiløypene både tobeinte og firbeinte.Eit eldorado for skisport for den som liker å gå i flate fine løyper.I sommarferien vart det ny Altatur med campingvognog den Nord-Norske naturen og lyset må berre opplevast, tur dit er absolutt å anbefale. På veg heim køyrde vi om Folldak, der rok vi likegodt å kjøpte odd ei hytte,så i tida framover vil vi nok verr mykje der. Ein storslått natur som vi må oppleve og utforske, gler oss ril mange fine turar i RONDSNE,Dovrefjell og Alvdalsfjells. Blir nok nokre turar til Rørosder vi voner å få vere med Gunn og Torje på sledetur med hunder.Spennande.. Ellers har eg brukt mange timar på karimors kvsrdagssysler og mykje hsr bkitt strikka og tovs. Bilder frå aktivitetane våre blir lsgt ut seinsre.

fredag 13. januar 2012


Det er stilt og roleg rundt meg, mørkt og kaldt ute, varmt og godt inne. Eigentleg skulle eg vel ha vore under dyna no, men musklar og ledd finn ikkje kvile, Kjennest ut som tannverk i heile kroppen, er vel det skiftande veret vi har som ikkje let meg få fred. Men, men eg skal ikkje klage, trøystar meg med at det kunne ha vore verre.Ellers har eg det no ganske kosleg her eg sit, med tende stearinlys, god kaffi og strikkety. Har vorte litt handarbeid dei siste nettene, utruleg kva ein kan få til med litt tråd, strikkepinnar, heklenål og ei vaskemaskin. Ja, då vert det både sitteunderlag, tøfler, vottar, skjerf og nye gryteklutar. Kjekt å kunne lage ting sjølv. I dag har eg også fått prøve takka som eg fekk til jul, laga sveler, det neste må bli at eg prøver meg på flatbrød og lefser.

fredag 6. januar 2012

Nytt år - Nye muligheter........

Ei stund sidan eg har skrive noko no.  Jula kjem - og jula fær, men eg har hatt ei flott feiring. Julaftan var vi her åleine, eg og far i huset, ei ny oppleving for oss, men det var eigentleg godt. Vi kosa oss med god mat, utdeling av gåver og avslapping i sofakroken. Men det vart ingen gang rundt juletreet, så det sakna eg litt, "tradisjonsbundne meg".
1.juledag stod vi tidleg opp, pakka bilen og la vegen til hytta vi har leigd på Gålå, vi måtte reise om Dombås då Strynefjellet var stengt, fann då ut at det vart berre ca. 1 time lengre reisetid. Vi fekk nokre fantastisk flotte dager på hytta, fint ver og vi slapp unna Dagmar som herja her heime. Ut på tur kvar dag, lange, gode skiturar både for tobeinte og firbeinte.  Så peiskos, levande lys, god mat og drikke om kvelden. Kvalitetstid for slitne kroppar.Får håpe vi kan få mange slike dager utover vinteren.
Nyttår feira vi som seg hør og bør, mykje smell og lys over himmelen, og med gode ynskjer for det nye året.

Dei fyrste 6 dagane av det nye året er no unnagjordt, har vore litt skiftande ver, og det merkar eg godt på ledda mine, lite søvn og mykje smerter. MEN: eg kjenner no at eg lever..... og det er eg utruleg glad for. Eg nyt livet, dagane og alt som lever/eksisterer rundt meg.