Velkommen til karimors kvardag

"Vi treng samvær med andre,

men vi treng også einsemd,

akkurat som vi treng

sommar og vinter,

dag og natt,

arbeid og kvile."


Eg heiter Kari, og bur på Sunnmøre,
på bloggen min vil eg dele mine opplevingar, interesser og mine meiningar
om stort og smått.
Med andre ord kvardagen min.



onsdag 16. november 2011

Eit snev av vinter

Så vart det kaldare, men veret er fortsatt flott.
I helga hadde vi ein fantastisk tur nedi Gudbrandsdalen. Og ein gammal draum har gått i oppfyllelse. Vi har leigt oss ei hytte på åremål, i ein fantastisk vinterstad, med mange flotte oppkøyrde turløyper, og skitrekk ved hytteveggen. Så no ser eg fram til vinteren med masse skigåing og uteliv. Det skal bli så kjekt........

torsdag 3. november 2011

Flott haustver.

Ååå, kor nydeleg det er ute. Sola skin frå ein nesten skyfri himmel, og temperaturen er + 15 grader. Må berre ut å gå i dette veret. I går gjekk eg ein tur ut til Grindaløda, ein flott tur, men det var langt nok for meg no, er litt tom for energi.Denne strålebehandlinga har nok krevd litt meir enn eg trudde, men det er vel berre å stå på, behalde humøret og satse på at energien kjem gradvis tilbake.