Velkommen til karimors kvardag

"Vi treng samvær med andre,

men vi treng også einsemd,

akkurat som vi treng

sommar og vinter,

dag og natt,

arbeid og kvile."


Eg heiter Kari, og bur på Sunnmøre,
på bloggen min vil eg dele mine opplevingar, interesser og mine meiningar
om stort og smått.
Med andre ord kvardagen min.



torsdag 3. november 2011

Flott haustver.

Ååå, kor nydeleg det er ute. Sola skin frå ein nesten skyfri himmel, og temperaturen er + 15 grader. Må berre ut å gå i dette veret. I går gjekk eg ein tur ut til Grindaløda, ein flott tur, men det var langt nok for meg no, er litt tom for energi.Denne strålebehandlinga har nok krevd litt meir enn eg trudde, men det er vel berre å stå på, behalde humøret og satse på at energien kjem gradvis tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar