Velkommen til karimors kvardag

"Vi treng samvær med andre,

men vi treng også einsemd,

akkurat som vi treng

sommar og vinter,

dag og natt,

arbeid og kvile."


Eg heiter Kari, og bur på Sunnmøre,
på bloggen min vil eg dele mine opplevingar, interesser og mine meiningar
om stort og smått.
Med andre ord kvardagen min.



tirsdag 18. oktober 2011

Sommaren 2011

Det vart ein litt anleis sommar enn eg hadde tenkt. Det vart oppdaga at eg hadde brystkreft ved ultralyd i byrjinga av juli. Sidan har eg vel eigentleg følt at eg har levd i ei boble med operasjon, kontroller, aromathasehemmere, strålebehandling og diverse biverknader Så no er eg på veg til å ta tilbake livet mitt. Prognosene er gode, og eg har tru på at dette skal gå bra. Har sjølvsagt både gode og dårlege dager.


Må berre gi honnør til Fylkessjukehuset i Ålesund, har fått ei fantastisk oppfylgjing der. Det tok berre 10 dagar frå eg var på ultralyd til eg var ferdig operert,og sidan har det gått slag i slag.


No er vi inne i Rosa sløyfe aksjonen, og eg håper at mange støtter opp om den, forskning er viktig, og å gå på regelmessig mammografi er noko som eg takkar for at eg har gjordt, for eg hadde ikkje kjent noko eller merka noko forandring.

Ellers har det vore ein regnfull sommar på desse kantar, trur eg kan telle på fingrane dei dagane der ikkje har vore regndråpar i lufta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar